• Gilbeys
  • Gilbeys
  • Gilbeys

PostHeaderIcon Neste spelejobb



Då er det straks klart for årets begivenheit på "Jølst", og vi snakkar selfølgeleg om Dansegallaen på Skei. Dette har blitt ein av dei danseglades favoritt, og publikum kjem langveis frå til denne "lune" og populære dansegallaen. I år har Contrazt og Bjørns orkester laurdagen for seg sjølv, og her blir det nok topp stemning. På søndagen har vi gleda av å dele scene og publikum med sjølvaste Anne Nørdsti. Her er det duka for variert og god dansemusikk. Og om vi er heldige er været på vår side denne gongen. Vi har no prøvd det meste av det som kan serverast av vær (snø/sludd,regn,sol,vind,varmt og kaldt) Slik at dette tek vi som det kjem. Vi både tørkar opp att, og varmen kjem igjen når dansefoten har fått køyrt seg litt. Og med eit slikt vertskap kan dette berre gå ein veg, og det blir nok ein høydare i år og. Vi ser fram til ei strålande dansehelg, og skal gjere vårt for at dette blir toppen. Så hiv deg rundt å legg finstasen i bløyt, og smør skona. Ta med deg dei du vil, og ta turen til Skei denne pinsehelga. Dete kan ikkje bli anna enn ei stor oppleving i år og. Vi ser fram til å treffast på Skei.

Og du, det gjer ingenting om du fortel andre om denne helga, det er plass til to til. ;-)

Gudd løkk..!!

 

PostHeaderIcon Las Lavik

Då hadde vi igjen ein flott kveld på Fjordhotellet i Lavik skjærtorsdag. God besøkt, og mykje god dansing gjorde kvelden til ein høydare igjen. Ytresogningane kan dette med å kose seg, og let seg ikkje be to gonger. "Møkje løye" vart både vist fram og vurdert skappeleg. Nytt denne gongen var at når ein frå publikum skulle ta eit seriøst bilde, tek den mest ansvarlege av oss nemmeleg Kjell styringa: Og stoppar musikken gjerne midt i ein melodi, og får tatt dette eineståande bildet, for so å fortsette der ein slapp. Noko overraskande på oss andre, men no kan vi dette og. Vi klarde heller ikkje å halde oss til klokka denne gongen heller, litt over = kjempekjekt. Langveisfarande frå nordre del av fylket hadde slått seg ned denne kvelden, i denne elles so travle bukta for ferjebilistar. For med eit strålande vertskap på Lavik Fjordhotell, kan ein likegodt bli over til neste dag. Vi takkar Laurentz med fam. for 1 klasses service,god mat, og for all del god drikke. Og er storleg imponert over hevinga av standarden på hotellet. Stå på, vi kjem att.

Elles gjenstår det å takke alle som kom,dansa,kosa seg, og håpar de hadde det like topp som oss. Vi ser fram til å treffast att.

Elles var det vist funne ein sluk i entreen???

 

PostHeaderIcon Vinterfest 2012 på Rica sunnfjord Hotell

 

Så var det duka for å få eit gjensyn med sjølvast Smokie på Rica Sunnfjord Hotell igjen. opp mot 1500 hadde tatt turen på hotellet denne kvelden, og her vart det som forventa stemining til taket. Smokie hadde 4 etasje og serverte det publikum kom for å høyre, her vart det mang eit minne (og sikkert nye) gjennoppfriska. Ein stor kontrast frå spelinga nokre dagar før, då spelte dei for 41 000. Og så til sunnfjord etterpå. Imponerande og jordnært band, som er berre å ta hatten av for. Etter Smokie hadde gjort jobben, tok bandet Vi menn over over Scena i same sal, og fullførte kvelden. Vi heldt oss som vanleg i Barthold bar, og må seie at dette er ein av årets høydare. Vanvittig god steming og omtrent fullt golv det meste av kvelden. Dette var utruleg bra. Vi takkar Fjordane musikkforum for oppdraget, og ser fram til å sjå kva dei tryller fram til neste års vinterfest.

 

PostHeaderIcon Barthold fredag 17.02

 

Fredag 17.02 vart ein kveld med godt besøk, og stor danseglede i Barthold bar. Ikkje minst takka vere eit stort reisefylgje frå Florø som hadde berika Førde med eit besøk. Her var det mange som hadde vore ute ei vinternatt før, og no skulle kvelden sikkrast med god dansing. Damene skulle få bevist at dette kunne vi fortsatt, og resultatet er slått fast: kanonstemning,dansevillige, og ikkje minst to (2) gjesteopptreden sette standaren korleis ein topp dansekveld eigentleg kan bli. Dette vart ein "høydare" igjen. Ei finare oppkøyring til laurdagens "vinterdans i 2 etasjar" får ein vel ikkje. Vi takkar for ein topp kveld, og ser fram til å treffast att.

 

PostHeaderIcon Danseweekend på Rica Sunnfjord Hotell.

Endeleg var det stordans på Rica Sunnfjord Hotell igjen. Og lokale danseglade fekk besøk av tilreisande som har gjort denne helga som ein del av tilstelningar ein må få med seg. her var det som vanleg dans i 2 etasjar med 3 orkester: Fernandoz frå Sverige, Contrazt og Gilbeys. Ei helg fylt med god dansemusikk og danseglade må bli ein suksess når ein blandar desse to. Stemninga var stor og både publikum og orkestera storkosa seg. Det er ikkje vanskeleg å spele for eit so fantastisk publikum som dette. Måtte dette bli ei årviss hending framover. Vi takkar for ei strålande helg og ser fram til å treffast igjen.

 

PostHeaderIcon Kjempekveld på Fjøsen 30.12

Endeleg vart det ein tur på Fjøsen att, og dette hadde vi sett fram til. Som vanleg storstilt velkomst med Bjarne i spissen. Dei andre låg for anledninga på lading, til kveldens storinnrykk. Og både oppslutninga og steminga vart på topp. Skei er nesten i ein særklasse på dette. Jølstringane hadde lagt ei travel veke bak seg med og utan straum, og no var det endeleg klart for å spandere på seg ein kveld ute. Eit innslag med den lokale multikunstnaren "hennjinjen" vart det og tid til, med stor respons frå publikum. Dette er no blitt eit fast innslag, og ny melodi til neste gong er alt rekvirert. Det er berre å glede seg. Ellers takkar vi for 2011, og ynskjer alle eit Godt Nyttår i 2012. Måtte det bli mang ein festeleg anledning ute i året som kjem.

Vi ser som vanleg fram til å treffast att. Helsing oss i Gilbeys.

 

PostHeaderIcon November i Barthold Bar

Då takkar vi for oss, og for alle trivelige og gode dansehelgar som november gav oss. Takk til Sunnfjord Hotell som satsar på heilnorsk dansemusikk kvar helg: stå på. Og ikkje minst takk til eit fantastisk flott publikum som har vore innom desse helgane. Mykje moro og "løye." Vi tek ein tur nordover i fylket neste helg, og det er ein stor fare for at du finn oss i sunnfjordsalen den 10.desember på Sunnfjord Hotell. Vi ser fram til å treffast att.

 
Ressursar
Tilfeldig bilete
Jukebox
Traege%20Trine.mp3
Let%20Your%20Love%20Flow.mp3
Eit%20Skot%20Te.mp3
City%20Girls.mp3
Borja%20om%20fran%20Borjan.mp3
Logg inn



Sponsorar

Gilbeys on Facebook
Statistikk
Artikkelvisninger : 58324
Informasjon
Vi har 7 gjester her nå